onsdag 8. april 2020

Jakob Sande:Frå Betlehem til Getsemane og Golgata

Av Nils-Petter Enstad

Diktaren Jakob Sande var fødd i Dale i Sunnfjord 1. desember 1906 og døydde i Oslo 16. mars 1967, knapt 60 år. Han let etter seg ei rik, lyrisk arv, mellom anna to av de vakraste tekstane i Norsk Salmebok: Ein om Betlehem og ein om Getsemane.



Far til Jakob Sande var klokkar og lærar i Dale, og Jakob vaks opp med dei bibelske forteljingane og omgrepa rundt seg.
I skulestova hang det to kart: Eit av Noreg og eit av Jødeland på Jesu tid.

Bibelske omgrep og barsk humor
Om ikkje Sande skreiv så mange dikt som var «reint religiøse», er det mange dikt der dei bibelske omgrepa ligg tett under overflata, og dei bibelske referansane står i kø.
Eit slikt dikt er «Legende» frå samlinga «Korn og klunger» (1950).
Her er forteljinga om då Moses førde Israels folk tørrskodd over Raudehavet fortald med burlesk humor.
I debutsamlinga hadde han gjort noko av det same i diktet «Saltstytta».
Her er det forteljinga om Lot og kona hans som vert attfortald.
Legg ein dei to dikta ved sidan av kvarandre i dag, er det nok lett å sjå at humoren i Lot-diktet er av eit langt røffare slag enn i diktet om Raudehavet.
I diktet «Den gløymde spedalske» frå samlinga «Villskog» (1936) går Sande inn i forteljinga frå Lukas-evangeliet om dei ti spedalske som vart friske då dei møtte Jesus.
I denne flokken har Sande dikta inn ein spedalsk til, ein som ikkje var til stades då dei andre møtte Jesus frå Nasaret.
Det er eit langt og dramatisk dikt, som kanskje kan lesast som eit rop frå ein som lengta etter å være med i flokken som hadde møtt Jesus, men ikkje var til stades då han kom?

Mangfaldig diktar
Jakob Sande var ein mangfaldig diktar.
Han skreiv humoristiske dikt, han skreiv makabre dikt og han skreiv alvorlege dikt.
Og han skreiv religiøse dikt – lat oss kalla dei «salmar».
Det mest kjende er «Det lyser i stille grender», som Sande skal ha skrive ein steikande varm sommardag i 1931. Det var joleheftet «Jol i Sunnfjord» som hadde tinga dette diktet, som frå Sande si side berre het «Jolekveld».
I denne tida vart også eit av dei andre, sterkaste religiøse dikta til Jakob Sande skrive. Det heiter berre «Salme», og fortel om Jesu kamp i Getsemane, då han stod for Pilatus og då han leid på Golgata.
Det er eit av dei sterkaste pasjonsdikta i norsk litteratur:
«Du som låg i natti seine,
sorgtung vanvørd og aleine,
skjelvande på såre kne.
Du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde,
stridsmann frå Getsemane.»


Dei fire versa enda opp med noko som ikkje kan kallast anna enn ei bøn:
«Lær mi sjel kor du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender
så eg frelst mitt auga vender
Opp til deg på krossen, du.»


Diktet «Salme» vart med i samlinga «Storm frå vest», som kom ut i 1931, medan «Jolekveld» ikkje kom med i nokon av det diktsamlingane Sande ga ut medan han levde. Men då Gyldendal i 1998 gav ut ei ny og komplett utgåve av «Dikt i samling», var også «Jolekveld» frå 1931 med. Då var teksten for lengst vorte «folke-eige», mellom anna gjennom Sissel Kyrkjebø sin LP med julesongar frå 1987.
I 1929, to år før desse tekstane vart skrivne, hadde Sande gjeve ut si første bok. Det var diktsamlinga «Svarte næter», som kom på Gyldendal. Boka fekk god omtale i pressa, med eit viktig unntak: I den kristne avisa «Dagen» vart mange av dikta kritiserte for det meldaren oppfatta som harselas med trua og det heilage.
Sande tok seg svært nær av den kritikken, og den sterke salmeteksten i den neste boka kan kanskje lesast som eit svar på denne kritikken.
Lyrikaren Marie Takvam har skildra han slik: «Han laga 'styggeprat og bibelsitat' i ei sann blanding – og han fekk folk til å le».
Også i prosatekstane sine fann han stoff frå Bibelen – til dømes i den burleske novella «Samson og Dalila».

Berre til langfredag?

Det har vore sagt at Jakob Sande sine religiøse dikt rekk frå jula og fram til langfredag, men dei når ikkje fram til påskemorgon.
Ei slik analyse kan ha mykje ved seg.
Frimodet strakk kanskje ikkje heilt til når det vart spurd etter det personlege vitnemålet? Ikkje minst diktet om den gløymde spedalske kan tyde på det.
Ein lyt vedgå at ein finn mykje harselas med både prestar og andre «fromme» i dikta hans, men så smerteleg det kanskje er for nokre: Kritikk av kyrkje og prest er ikkje det same som harselas med trua eller det guddommelege.
Kan hende tvert om.


«Salme»
Du som låg i natti seine
Sorgtung vanvørd og aleine
Skjelvande på såre kne
Du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde
Stridsmann frå Getsemane

Du som spotta vart og banna
Kront med klungerkrans om panna
Medan augo brann i sorg
Du som stod i namnlaus pine
Skild frå dei du kalla dine
Einsam i Pilati borg

Du som hekk til krossen nagla
Medan blodut sveitte hagla
Frå di panne då du sa:
"Fader, kvifor gjekk du frå meg?"
Å lat nådens blodstraum nå meg!
Offerlam frå Golgata

Lær mi sjel kor du laut lida
Syn meg såret ditt i sida
Styrk og nør mi veike tru
Syn meg dine merkte hender
Så eg frelst mitt auga vender
Opp til deg på krossen du


Jakob Sande

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar